Skiskyttartreff på Ullsheim

Monica Halsteinslid og trenar Ivar Nord saman med nokre av deltakarane på skiskyttartreffet. (Foto: Harald Vartdal) 

Sport

61 skiskyttarar i alderen 11-16 år har i helga gjennomført barmarksamling på Ullsheim. Dei kom frå klubbane Stårheim, Volda, Sunnylen, Hornindal, Hardbagg og Markane.

- Det er kjekt å kunne samle "skiskyttarfamilien" før sesongstart, seier Monica Halsteinslid i skiskyttargruppa til Markane IL.