Hjelle to riv unna sølvmedaljen

Ingar Hjelle tok bronse i stavsprang under UM. (Foto: Bente Hjelle). 

Sport

Ingar Hjelle tok søndag ettermiddag bronse i UM gutar 15 år i stavsprang. Han hoppa like høgt som sølvvinnaren, men trong to forsøk meir.

- Surt, seier friidrettsutøvaren frå Oppstryn.

Hjelle persa seg med ti cm og hoppa 2,90. Men vinnaren var lite å gjere med. Sondre Guttormsen var i eigen klasse og hoppa 3, 81 og sette med det meisterskapsrekord.

Tidlegare i dag tok Hjelle ein sterk 6. plass i høgde, etter eit hopp på 1.70 meter.