350 born i kamp om ballen i Loen

Kamp om ballen på Loen stadion. Her er det jenter frå Stryn og Hornindal. (Foto: Ove Sveen) 

Sport

No er Kongleriket Miniputt 2014 i gong. På Loen stadion var det stor aktivitet i dag med 52 lag og 350 spelarar i sving. Spelarane kom frå Loen, Eid, Stryn, Hornindal, Oppstryn, Olden, Veten og Heia. Neste gong er det Eid som skal arrangere for denne gjengen den 15. juni. Først 31. august skal Stryn ha turnering. Hornindal følgjer på 21. september.

Fotballgruppa i Loen stod for eit prikkfritt arrangement i nydeleg ver.