Sluttresultatet 6-4 til heimelaget Årdal FK fortel at publikum fekk valuta for pengane på Jotun stadion laurdag ettermiddag. Heile ti mål er sjeldan kost i ein tredjedivisjonskamp.

Heimelaget tok føringa i kampen og kunne gå til pause med 2-0. Tre minutt etter pause gav Christian Holko ny spenning i kampen då han reduserte på straffe. Og ytterlegare tre minutt seinare putta Petter Hammer inn målet som gav utlikning. Etter ny scoring for Årdal og ny utlikning for Stryn ved Jon Terje Tjellaug, kunne Stian Sandal ta Stryn i føringa 3-4 knapt 20 minutt før kampslutt. Men om stryningane trudde tre poeng var sikra, hadde heimelaget ein annan plan. Årdal FK putta inn tre kjappe mål, i følgje Sogn Avis det siste fem minutt på overtid, og innkasserte dermed sigeren 6-4.