Fannemel gjekk vidare til finaleomgangen som ein av fem «lucky losers». 31-åringen hoppa 128,5 meter i første omgang og låg med det på 27. plass.

Nummer 26: Anders Fannemel sikra seg verdscuppoeng i det siste rennet i hoppveka. Foto: Tadeusz Mieczyski

I andre omgang nådde han 127 meter, og hoppa seg opp ein plass på resultatlista.

Haaland-feiring: Det norske laget, trenarar og støtteapparat gjentok Halvor Egner Granerud si Haaland-feiring frå nyttårshopprennet etter at Granerud hadde sikra seg gull-ørna som vinnar av Den tysk-austerrikske hoppveka. Foto: Tadeusz Mieczynski

Det vart elles ein jubeldag for Halvor Egner Granerud, som både vann dagens avslutningsrenn og hoppveka samanlagt. Granerud kunne dermed ta imot jublande lagkameratar på sletta.

Granerud er første norske vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka på 16 år.

15. plass i NM

Søndag var det NM i storbakken på Rena, der Anders Fannemel tidlegare har vunne NM og sett bakkerekord.

Denne gongen måtte han nøye seg med ein 15. plass, etter 109 m i første omgang og 121 i andre.

Halvor Egner Granerud leia etter første omgang, og vann sitt første NM med eit hopp på 129,5 m i andre omgang. Marius Lindvik vart nummer to, Johann Andre Forfang nummer tre (med dagens lengste hopp, 138,5 m).