Christian Holko scora nær samtlege med sine seks mål, i eit oppgjer som var jamnt i ein omgang. Til pause stod det 1-0. Men etter ein pep-talk i pausa rann måla inn bak gjestene sin keeper.

- Dette var menn mot gutar, seier seksmålscorar Christian Holko.

Han starta veka med nyrestein men avslutta med dobbel hat-trick, og ergra seg meir over eit brent straffespark enn noko anna etter kampslutt.

Også Petter Hammer kom på scoringslista.

Les meir i papirutgåva

Christian Holko t.v. scora seks av dei sju måla for Stryn. Foto: Tommy Nilsen