- Eg er utruleg glad. Dette er ikkje slik ein kan forvente kvar gong. Åtte gode hopp av fire hopparar er optimalt, men ein blir mentalt sliten etter ei slik helg, seier nybakt verdsmeister i laghopp i skiflyging, Anders Fannemel til Fjordingen.
- Kva vil du seie om oppvisninga i dag?
- Det gjekk lettare enn forventa, utruleg sterkt. Dette var nok like stor oppleving som i Falun i fjor sjølv om det då var spesielt sidan det var så lenge sidan sist Norge vann laggull, seier Fannemel.
- Det er ei enorm breidde i det norske laget. Sjølv om våre to reservar hadde steppa inn, trur eg vi hadde vunne. Alt dette er resultat av knallhardt arbeid både frå hopparane, trenaren og støtteapparatet. Vi har fått innarbeidd ein kultur som gjev suksess, seier Fannemel.
- Blir det feiring i kveld?
- Det blir vel ei lita markering no, men vi reiser til München i kveld for så å reise heim i morgon tidleg. Så får vi sjå kva som skjer framover. Er usikker på om eg skal stille på i Zakopane.
- Korleis vurderer du din individuelle innsats?
- Må vedgå at eg var skuffa over 7. plassen. Hadde iallefall håpa på topp seks. Desverre låg det ikkje til rette for topp hopping då eg skulle ut i den tredje omgangen. Det var tungt i bakken.
- Synest du kompensasjonen for dårlege forhold er god nok?
- Det hjelp på, men ein del ting får du aldri kompensert for.
- VM i skiflyging er vel ei kraftprøve. Korleis kjenner du deg?
- Eg er mentalt sliten. Det er viktig å vere topp konsentrert i kvart einaste hopp. Det er ikkje rom for feil i skiflyging. Med omsyn til det fysiske, har det gått fint. No er det vel nettopp det fysiske vi skal trykke på med framover, seier gullguten frå Hornindal med verdas lengste ståande skihopp.
Etter at gullet i laghopp var sikra, fekk han ein prat med fan-klubben frå Hornindal på sletta der også far Ola Rasmus Fannemel var på plass.
-