Herrelaget til Stryn er i siget. Dei vann heile 30-22 mot Kjøkkelvik 2 i handballoppgjeret i Strynehallen fredag kveld.

Dermed held dei fram den gode formen, og fekk nok ein siger før jul. Laget ligg no på ein sterk 3. plass i 3. divisjon avdeling 10. Stryningane er berre fire poeng bak tabelltopp er Viking 2. Lenger nede på tabellen finn vi Gloppen på 7. plass og Eid på 8. plass.

Strynelaget tek no juleferie etter ein imponerande haustsesong, før dei møter Bjørnar 2 til ny heimekamp 10. janaur.

Desse kom på scoringslista mot Kjøkkelvik 2:Julian Hove 7. Gunnar L. Sigurdsson 1. Anurathan Velalakan 6. Kenneth Aaland 4. Runar Walaker 3.Andreas Flo Tonning 3. Andreas Thayanantham 1. Marius Flo 1. Anders Eikenæs 4.