På sprinten i tyske Oberhof fredag vart det fjerdeplass på Johannes Thingnes Bø og sjuandeplass på Tarjei Bø. Johannes måtte ein tur i strafferunden på begge skytingane, medan Tarjei skaut feilfritt på liggande, men måtte tole to bom på ståande.

Benedikt Doll frå Tyskland vann sprinten, 1,8 sekund føre Sturla Holm Lægreid. Endre Strømsheim tok tredjeplassen (+5,4 sek).

Det betyr at Johannes Thingnes Bø må ta inn 19,6 sekund på tyskaren på laurdagens jaktstart, medan Tarjei Bø startar 40,3 sekund bak.

Johan-Olav Smørdal Botn, som har imponert i IBU Cupen så langt i sesongen, fekk sjansen på verdscupsprinten i Oberhof. Stårheimløparen pådrog seg heile fire strafferundar og vart til slutt nummer 26, 1.31,0 bak vinnaren.