Ulrik Flo har skrive under ei toårs-kontrakt med den danske fotballklubben Silkeborg IF. Klubben skriv på heimesida si at dei har funne spissen dei har leite etter.

- Vi har funne spissen vi har vore på utkikk etter. Flo er ein pågåande og hardt arbeidande spiss, som vi har stor tillit til kan gjere oss endå betre. Han innehar dessutan dei klassiske Flo-kvalitetane som duell- og hovudstyrke, seier trenar Peter Sørensen. Silkeborg IF spelar på nest høgaste nivå i Danmark, og kjempar om opprykk til øvste divisjon.

Her kan du sjå kva Ulrik synest om si første trening med det danske laget.