Søndag ettermiddag skulle Stryn møtt Førde 2/Dale i Strynehallen, men grunna rasfare blir ikkje denne kampen spelt no.

Mellom anna var E39 gjennom Våtedalen i Gloppen stengt i fleire timar søndag morgon.

– Sterkt beklageleg, seier strynetrenar Roy Veamyhr, som vil få utfordringar med å finne plass i kalenderen til dei kampane i januar som har blitt utsett.

I tur og orden har oppgjera mot Jotun (b), Florø 2 (b), Sogndal (h) og Førde 2/Dale (h) blitt utsett.