Særleg sistehoppet til honndølen var det klasse over. Hoppet på 98 meter var konkurransen sitt nestlengste etter at Fannemel starta moderat i første omgang med 89,5 meter. Då var utgongspunktet ein 13. plass i ein omgang med ujamne vindforhold. Vladimir Zografski, Bulgaria vann rennet med austerrikaren Stefan Kraft på 2. plass og Kaarel Nurmsalu frå Estland på 3. plass. Nest beste nordmann vart Espen Røe på 8. plass. Fleire av Fannemel sine konkurrentar er verdscup-hopparar.

Sjølve rennet varte i nesten fire timar. Hopparane vart haldne att gong på gong under dei vanskelege vindforholda.

Les meir i papirutgåva