Norge gjekk inn til ein tredjeplass på stafetten i skiskyting i Hochfilzen i dag.

Tarjei Bø måtte bruke tre ekstraskot på siste ståande, og hadde ikkje sjanse til å ta att vinnarlaget Russland og Frankrike på 2. plass. Johannes T. Bø brukte eitt ekstraskot på første skyting, elles skaut han feilfritt på første etappe. Norge låg lenge med heilt i tet i løpet med Emil Hegle Svendsen og Lars Birkeland på andre og tredje etappe.

- Det vart ti ekstraskot på Norge i dag, og det er litt for mange. Men absolutt godkjent av det norske laget, meinte ekspertkommentatorane på NRK.