Anders Fannemel frå Hornindal kom i dag på ein sterk 7. plass i VM i skiflyging i Kulm. Anders låg på sjetteplass etter første dag i går med gode mulegheiter for å hoppe seg oppover på lista i dag. Desverre fekk han særs tunge forhold i bakken i den tredje omgangen i dag og landa på 175,5 meter.
Landslagstrenaren sa etter rennet at Fannemel også var ivrig, og med vind frå sida bakfrå fekk han ikkje synt sitt beste. Ekspertkommentator Johan Remen Evensen la heller ikkje skjul på at kompensasjonen hopparane får for dårlege forhold ikkje er god nok.
Arrangøren valde å avlyse 4. omgang då det byrja å bli "flatt lys" og vanskelege siktforhold i Kulm. Dermed vart Peter Prevc verdsmeister føre Kenneth Gangnes og med Johan Andre Forfang på 4. plass.
Sistnemde fekk opp eit tredje hopp på heile 240 meter, men måtte gje tapt i landinga. Han heldt fjerdeplassen frå fredag med fall! Frå kommentatorhald vart det antyda at Gangnes kanskje mista gullmedaljen på tvilsam stilvurdering av "dei to store".