Dette blir eit heilt nytt tilbod i ein pressa marknad. Stryn Fotball vil med dette lage ein fotballcup med slik kvalitet at spelarar, foreldre og andre vil kome attende. No startar vi i det små med ønskje om å utvide dette vidare, seier leiar i hovudkomiteen Evy M. Rossetvik.

Fotballcupen for 11-14 åringar blir cup nummer to i Stryn. 9. mai vart det arrangert cup med 16 lag for spelarar i alderen 7-10 år. Også den cupen er ny, opplyser Rossetvik.

- Tanken om desse fotballcupane har fotballgruppa gått med eit par års tid. Når den nye kunstgrasbana kjem, vil det bli god kapasitet til avviklinga, seier ho assistert av Monica Halsteinslid som styrer med marknadsføring og premiar i tillegg til at ho er lagleiar for 13-14-åringane. Dei føler at det er ressurssterke folk, der dei fleste er engasjerte i fotballen frå før, som skal styre desse fotballcupane. Inge Matias Tvinnereim er assisterande leiar for teamet, Nils Petter Hauge styrer økonomien, og elles er desse med: Jostein Bøe, Ragnhild Egge Gjervik, Olav Auflem og Terje Walaker. Tre av desse er også i hovudstyret.

Les meir i papirutgåva

Monica Halsteinslid framme t.v. og Evy M. Rossetvik i spissen for ivrige 11-åringar som vil delta i den nye fotballcupen i august. Foto: Ove Sveen