Anders Fannemel kunne i natt klatre heilt øvst på pallen i verdscuprennet i hopp i Sapporo. Han slo ut både Prevc og heimefavorittane, og tok sin første siger for sesongen.

– Eg er veldig fornøgd. Eg gjorde to gode hopp, og det var ei stor forbetring frå laurdagens 21.-plass. Eg hadde litt betre vindforhold og hoppa meir offensivt, sa Fannemel ifølge ei pressemelding frå FIS.

I første omgang sette honndølen ny bakkerekord med 143,5 meter. Berre japanske Daiko Ito låg foran på resultatlista før finaleomgangen.

- Han nøler ikkje når han får grønt lys. Då er det anten eller. Han er ein uredd fyr som er glad i det meste som er ekstremt, meinte NRK-kommentator Anders Jacobsen i Japan.

Det låg an til ei spennande avslutning på rennet, og Fannemel klarte eit nytt godt hopp på 136,5 meter og totalt 265,9 poeng. Ito takla ikkje heimepresset og hamna på 7. plass. I staden vart det dobbelt norsk med Forfang på 2.plass, 5,6 poeng bak vinnaren frå Hornindal.

- For ein revansje. For ein konkurranse. Anders jobbar beinhardt for å bli best kvar einaste dag. I år har han hatt stang ut. No viser han seg fram, og kom endeleg øvst på pallen, sa ein imponert Jacobsen.

No ser dei norske hopparane fram til renn på heimebane i Norge.