Brørne Bø har tydelegvis ikkje lege på latsida i jule- og nyttårspausen. Då herreløparane innleia 2023 med sprint i Pokljuka fredag, vart det dobbelt Bø på resultatlista. Og tredjemann vart Sturla Holm Lægreid.

Men Johannes Thingnes Bø var likevel i ein heilt eigen klasse. Sjølv med ein bom, i eit løp der Tarjei skaut to fulle hus, vart det sigersmargin med 48 sekund. Holm Lægreid på tredjeplass skaut også ein bom og var 55 sekund bak.

Resultata dannar grunnlag for jaktstart laurdag.