Stryn spelte kanskje sin svakaste kamp for året, og Jølster laga to mål i 1. omgang slik at pausestillinga var 0-2. I 2. omgang heva Stryn intensiteten, og allereie etter 10 minutt av omgangen hadde Petter Hammer på straffe og Per Ole Tenden putta på kvart sitt mål. Rein udyktigheit av enkeltspelarar hos Stryn, gjorde at heimelaget måtte nøye seg med 2-2 som sluttresultat.

Kampen om avdelingsmeisterskapen synest etter halvspelt serie nær på veg å vere avgjort. Tornado Måløy har skaffa seg forsprang på 8 poeng til Stryn og med heile 36 plussmål. Også Eid har passert Stryn på tabellen.

Les meir i papirutgåva