Sport →
Tarjei Bø millimeteren frå NM-sølv
Junioren Tarjei Bø (19) er tilbake i norgestoppen, også blant seniorar. I dag kom han på 5. plass i NM-normalen på Ullsheim etter eit knallsterkt løp. Stryningen skaut 19 treff av 20. Bommen var knapt ein millimeter utanfor blinken. Hadde skotet gått inn, ville Bø teke sølv med 9 sekunds margin til Halvard Hanevold.