Jarle Midthjell Gjørven er på plass i junior-VM i skiskyting i Presque Isle, USA. Laurdag skal stryningen gå sprint og søndag jaktstart. Dette er dei to øvingane han førebels er utteken til å delta i.

-Jarle reiste med resten av troppen måndag. Rapportane går ut på at det er kaldt. Jarle har hatt mykje influensa rundt seg, men har gått klar. Eg har forstått det slik at formen er bra, seier faren Jan Egil Gjørven som også skal til Presque Isle. Han reiser saman med andre foreldre frå Gardermoen torsdag ettermiddag.

-Tidsmessig er det seks timars forskjell, men dette har han trena på ved å leggje seg i 2-3 tida om natta ei stund. Sprinten og jaktstarten skal gå gå klokka 18.30 og 20.30 norsk tid, seier Gjørven.