Tarjei Bø gjekk ein strålande andreetappe der han berre brukte eitt ekstraskot. Han veksla med bror Johannes Thingnes Bø, 6,3 sekund føre Frankrike på andreplass.

Johannes sette ein liten støkk i nordmennene då han bomma på dei to første skota på liggande skyting, men han tok seg meisterleg inn og gjekk først ut frå standplass. På ståande brukte 30-åringen eitt ekstraskot, og ved veksling var avstanden til Frankrike auka til 38 sekund.

Vetle Sjaastad Christiansen fekk ei særs takknemleg oppgåve på ankeretappen, og med to fulle hus kunne han nærast spasere over målstreken.

Sturla Holm Lægreid gjekk første etappe for det norske laget.

Frankrike vart nummer to (+28,7 sek), Tyskland tok tredjeplassen (+1.06,9).