Sport →
Debuterte for Stryn
Steinar Gram (33) frå Steinkjer kom inn på bana dei sju siste minutta då Stryn slo Eid 5-2 laurdag. Der fekk han sjå ein annan nykomar, Arild Hammersland lage sitt første mål for Stryn i 2. omgang. Stryn spelte tafatt og kjedeleg den første timen, men så slapp Eid taket. Det var nok til at raudtrøyene fekk sprudle nokre minutt med god angrepsfotball.