Under sprinten laurdag stod Tarjei Bø for feilfri skyting og med god fart i sporet

var det ingen som heldt følgje i 18-19-årsklassen. Eitt minutt og 12

sekund var han betre enn nummer to. På jaktstarten søndag med fire

skytingar vart det fire bom, men likevel så stor margin til nummer to som

to minutt og 36 sekund.

Ronny til topps

Det var ikkje berre Tarjei som som slo til frå Nordfjordteam.

Ronny Hafsås låg på 2. plass etter sprinten laurdag med heile seks bom. På

jaktstarten gjekk han heilt til topps. Då fekk han sju bom, og det fortel

alt om Stårheim-guten sin fart i sporet i klasse menn 20-21 år.

Eline på tredje

I tilsvarande kvinneklasse synte honndalsjenta Eline Fannemel gode takter

med ein tredjeplass laurdag og fjerdeplass på jaktstarten. Eline skaut

jamt godt begge dagar med berre tre bom samanlagt.

Les meir i papirutgåva måndag