Etter at både dame- og herrelaget til Stryn Handball tapte mot Fyllingen i går, vart det ein knepen siger og eit knepent tap i Bergen i dag.
Herrelaget var først oppe søndag, og møtte Bergen Vest på andre del av bana. Oppgjeret i 2. divisjon vart ein thriller av ein kamp. Laga følgde kvarandre nesten heilt til siste minutt. Det stod 22-22. Med 15 sekund att å spele sette Borna Hadrovic ballen sikkert i mål. 22-23 til Stryn, og stor jubel for to viktige poeng.
Damelaget møtte i ettermiddag Gneist, og også her følgde laga kvarandre tett. Til pause stod det 10-11. Etter ein spennande innspurt, vart det tap med 24-23, rapporterer Stryn Handball på heimesida si.
Etter ein åtte timars busstur på trøblete vintervegar i går, får vi håpe at spelarar og støtteapparat får ein kortare retur til heimbygda i kveld.