Fem unge lovande 14-åringar, to jenter og tre gutar frå Stryn kommune reiser før helga til Madrid for å skulere seg meir i fotball. Der sluttar dei seg til Coerver Norge sine lag for å spele kampar. Gutane skal mellom anna møte likesinna i Real Madrid og Atletico Madrid. Jentene er meir usikre på kven dei møter.
Dei fem er Andrine Bøe, Kaisa Wemby, Marius Arntsen, Peter Frausing og Stian Olsbø. Dei skal bu på sjølve nasjonalanlegget til det spanske landslaget i Madrid.
- Vi gler oss enormt til dette. Vi får spele mot mange av dei beste på vår alder, og vi får også sjå ein toppkamp, sa fire av dei på Stryn stadion onsdag. Dei kunne fortelje at dei ikkje hadde vore i Madrid før, men at dei hadde fått ein smak av Spania på Gran Canaria. Ein av dei som reiser, Marius Arntsen har hatt haustferie der og reiser direkte til samlinga i Madrid, fortel dei fire.
Coerver Coaching er verdas største fotballutdanningsprogram med ei rekkje fotballskular, campar m.m. i alle land, og i Stryn er det Johann Sigurdsson som har oppnådd dei verdfulle kontaktene som no sender lovande stryningar ut i verda. Han synest det er god "utteljing" når fem no får Spania-tur.
Også i Stryn blir det halde fotballskule med det kjende fotballskuleakademiet. 23.-24. oktober er Viasat og Coerver Coaching her for tredje gong med fotballskule der gutar og jenter i alderen 7-14 år kan melde seg på.