Torsdag 27. april startar O-sesongen opp att i indre Nordfjord.

Det opplyser O-gruppa i Markane IL i ei pressemelding.

Då blir det nybyrjarkurs og Nær O-løp i området ved sandvolleyballbana ved Stryn vidaregåande skule. O-gruppene i Markane IL og IL Veten samarbeider om å arrangere Nær O-løp i den flotte naturen rundt om i indre Nordfjord også denne sesongen. Dei to laga skal arrangere åtte nær o-løp i vår og i haust, i tillegg til eit Natt O-løp i slutten av september. IL Veten og Markane IL skal også samarbeide om å arrangere krinsløp og O-leir 3.–4. juni.

O-gruppene i dei to laga håpar at mange ønskjer å prøve seg på denne kjekke aktiviteten som er god trening for både kropp og hjerne.