Sport →
Strynetap mot Ørsta
Stryn tapte 5-3 i treningskamp mot Ørsta på Eid laurdag. Dette var langt dårlegare enn under samlingshelga i Molde. Vi slit rett og slett med å få spelt inn ein trygg forsvarsfirar bak, og måten måla mot oss kom på, er slett ikkje bra tre veker før seriestart, oppsummerer spelande trenar Jon Terje Tjellaug. Christian Holko og Endre Lødemel som tidlegare i år har spelt midtstopparar, var begge ute i kampen. Sistnemnde slit med skade og måtte sparast mot Ørsta. Det same gjeld Asbjørn Tenden.