Første halve timen var uhyre kjedeleg på Stryn Stadion. Eit tafatt heimelag fekk på ingen måte spelet til å gli. Den notoriske målscoraren Mats Solheim vart til dei grader gåande arbeidslaus ute på venstrevingen at det var like før han kunne banka på døra til Aetat.

Vakna til liv

Det var først då Dale gjekk opp i leiinga etter knappe halvtimen dei raude og kvite tok skikkeleg tak. Trond Leirgulen var raskt frampå og utlikna. Og då Asbjørn Tenden førte heimlaget opp i leiinga 2-1 nokre minutt seinare, gjekk det vegen for Stryn.

Før kampen var over, hadde Stryn sikra seg storsiger med 6-2. Målscorarar på dei fire siste nettkjenningane for Stryn var Mats Solheim, Per Ole Tenden, Ulrik Flo og Asbjørn Tenden.

Les meir i papirutgåva måndag