Snøelingar i fjella og ein litt skjenerande vind klarte ikkje å øydeleggje ramma kring stafett nr. 59 i Olden i går. Løparane gjorde sitt beste for å representere laget sitt på ein god måte. Vi let oss imponere over at både jente- og gutelaget til Hornindal vann dei to klassane.

Det var åtte lag med i jenteklassen, og i guteklassen stilte heile fjorten lag til start. Hornindal tok nye napp i vandrepokalen både i jente- og guteklassen. Gutane var sju sekund føre Sandane T. og Il sitt lag, og jentene sin siger over STIL-jentene var ikkje dårlegare.

Hans Petter Galtung som er leiar i friidrettsgruppa til Olden Il, var godt nøgd med dagen.

- Positivt med så god deltaking, 31 lag og 7 i ministafetten gjer at dette var ein stafett vi ser tilbake på med glede. Det var også kjekt å sjå så talrikt publikum, trass i litt sur vind. Eg er imponert over innsatsen til Hornindal som vann jente- og guteklassen, sa han.