Frode Grodås tek permisjon frå jobben som fagutviklar i Norges Fotballforbund fram til 1. juni og blir keepertrenar i den danske klubben AGF Århus. Det skriv TV2.

– Dette er ein fin mulegheit for meg, og eg gler meg til å bidra på dagleg basis i ein klubb. Det var sportssjefen i AGF, Stig Inge Bjørnebye, som tok kontakt. Etter å ha prata med NFF og Ståle Solbakken fann vi fram til ei god løysing, seier honndølen til forbundet sine eigne sider.