Det tradisjonsrike alpinrennet Even Hole Cup vart arrangert på Skjærtorsdag på Utvikfjellet.

- Even Hole Cup vart gjennomført under gode forhold, men det var litt kaldt og surt. Rennet samla 110 deltakarar i alle aldrar, seier Anders Felde for arrangøren Breimsbygda IL.

Beste tid i lang løype for jenter vart Sofie Rake frå Lommedalens IL, og for gutane vart det Edvin Fonn Sårheim frå Breimsbygda som var raskast. Begge fekk ti kilo med ost i premie for beste tid i lang løype.

Mange lokale alpinistar deltok i løpet. Den tradisjonsrike sportsgudstenesta gjekk av stabelen i pausen.

Ti kilo ost: Edvin Fonn Sårheim frå Breimsbygda og Sofie Rake frå Lommedalens IL fekk kvar sin store ost i premie for beste tid i lang løype i rennet. Foto: Ingrid Faleide