Bøbrørne har farten inne og vel så det, men dei slit på standplass. Difor enda Tarjei på 11. plass og Johannes på 12. plass i dagens fellesstart i Ruhpolding. Tarjei opna hardt på førsterunden og pressa Martin Fourcade i løypa. Etter feilfri første ligg fekk Tarjei to runder etter andre ligg. Når han i tillegg fekk ein bom på første stå, var Tarjei ute av medaljekampen.
Johannes skaut feilfritt på begge liggande, men fekk plutseleg to runder etter kluss med magasinet på første stå, og med ytterlegare ein bom på siste skyting, fekk han også totalt tre runder og kunne ingen ting gjere i toppen.
Emil Hegle Svendsen vart beste nordmann på 10. plass. Eric Lesser vann fellesstarten føre Martin Fourcade etter feilfri skyting.