Norge med honndølen Anders Fannemel på laget vann i dag gull i VM for lag i skiflyging i Kulm. Sigeren var den mest suverene i VM-historien. Over 110 poeng var Norge føre Tyskland på 2. plass. Austerrike kom på 3. plass. Dermed tok Norge tilbake VM-tronen i skiflyging frå Austerrike som i tre VM på rad har dominert lagkonkurransen.
På det norske laget hoppa i rekkjefølgje: Anders Fannemel (213,5 og 217 meter), Johan Andrè Forfang (218,5 og 201,5 meter), Daniel Andrè Tande (206,5 og 215,5 meter) og Kenneth Gangnes (207 og 219,5 meter). Med andre ord, ikkje eitt svakt hopp av nordmennene på åtte hopp!! For Fannemel vart dette det andre gullet i laghopp sidan han også vann laggull i Falun i fjor. Det var saman med andre lagkameratar!