Stryn har skaffa seg eit forsprang på dei argaste konkurrentane sine i den lokale tredjedivisjonen. Det er fem poeng ned til Tornado Måløy FK på andreplass, og Høyang på tredje med ein kamp mindre spelt. Sandane står framleis utan sigrar så langt og ligg nedst i serien.

Ein bra prestasjon

Etter 5- 0 til pause, vart det til slutt 11- 0 til Stryn mot Sandane.

Etter ein litt famlande start, starta Jon- Terje Tjellaug målkalaset med 1- 0 etter eit kvarter. Mats Solheim vart toppskårar med fem mål i første omgang, og serverte ballen til fire andre målskårarar.

Etter ein kort pust i bakken ved sidebyte, heldt Stryn fram med å angripe Sandane- målet. Skåringar ved Pål Holko, Ulrik Flo, Jon- Terje Tjellaug, Asbjørn Tenden og Jan Erik Sandbakk sørga for storsiger mot sandensarane.

Les meir i papirutgåva måndag