Tarjei Bø vil få overrekt Holmenkollmedaljen i samband med premieutdelinga etter sprinten for herrar i Holmenkollen i morgon. Den tradisjonsrike utmerkinga har vore delt ut sidan 1895.

Holmenkkollmedaljen vert tildfelt skiløparar som i fleire år har oppnådd unike resultat i ein eller fleire av skiidretten sine greiner. I første rekkje vert det teke omsyn til tidlegare resultat frå Holmenkollen.

- Vi er særs stolte av å kunne tildele denne flotte utøvaren Holmenkollmedaljen. I tillegg til å ha oppnådd særs imponerande idrettslege resultat, er Tarjei Bø ein flott representant for skiskyting som idrett, seier styreleiar Jon Hindar i Skiforeningen.

Tarjei sin karreiere omfattar mellom anna 24 sigrar i verdscupen, 52 pallplassar i verdscupen og ein samanlagtsiger i sesongen 2010/2011. I tillegg har han sju VM-gull, seks VM-bronse og eitt OL-gull i stafett.