Søskenparet Erik Davies (t.v) og Jared Davies(t.h) trivst godt på Flo Aktiv. Foto: Birgit M. Nedreberg

Det var så vidt råd å få søskenparet Davies til å leggje frå seg fotballen for ein prat i lunsjen på Stryn Stadion. Brødrene Jared (9) og Erik (7) har reist heile vegen frå Seattle for å besøke slektningar i Stryn, og ikkje minst for å delta på Flo Aktiv.

-Det er min første gong på Flo Aktiv, og det er veldig artig. Vi fekk køyre motorcross, noko eg aldri har gjort før. Vi har òg skote på blink, smiler Erik som kan bekrefte at han traff blink fleire gonger.

Når dei må heim til Seattle, og kan fortelje om sommarferien sin i Stryn til venner og bekjende, er søskenparet klare på kva dei vil fortlje.

- Eg vil fortelje om alle dei hyggelege menneska som er her. Vi har fått mange nye venner, seier Jared.

Les meir i papirutgåva

Gutane er ivrige fotballentusiastar. Foto: Birgit M. Nedreberg