I helga var det sesongstart i alpint her i fylket, og dei fire første krinsrenna gjekk av stabelen i Sogn.Sparebanken Vest Cup vart arrangert med to slalåmrenn i Sogndallaurdag, og 2 storslalåmrenn i Hafslo søndag.

Det blir meldt omgode forhold for alpint begge dagar. Frå Stryn Alpin var det berreto startande, Daniel Hagen frå Veten IL og Jonas Henden Dragesetfrå Olden IL, men dei gjorde det til gjengjeld meget bra. Desse tohar trena saman i mange år, og konkurrerer i år i klasse U16, gutar15-16 år. Jonas gjorde reint bord med siger i beggestorslalåmrenna. Daniel leverte og super innsats her med 3. og 4.plass.

I slalåmen laurdag fekk Jonas enda ei pallplassering med3.plass i det første rennet. Daniel hakk i hel på fjerdeplass. I renn to slalåmkøyrde dei inn til 4. og 6.pl.

-  Det er flott at dei to kompisanehevdar seg så godt alt i sesongstarten, så det blir spennande åfølgje dei vidare. Går alt etter planen med opning til helga i Stryn Vinterski, er vi i gong medtreningane kvar tysdag og torsdag frå neste veke. Vi håpar at nyerekruttar som har lyst å få innsvingteknikk då kjem og trenar med oss, seier leiar i Stryn Alpin, Martin Hopland.