Herrane gjekk verdscupstafett i Hochfilzen laurdag, og laget vann ein suveren siger mykje takka vere ein viss stryning.

Johannes Thingnes Bø viser nemleg storform og skaut ti treff på sin tredjeetappe, og han sende Sjåstad Christiansen ut med ei leiing på minuttet.

Ankermannen måtte ty til ekstraskot og ein strafferunde, men Norge sikra likevel sigeren.

Sverige vart nummer to 20 sekund bak Norge, medan Tyskland tok tredjeplassen. Dei var 28,6 sekund bak nordmennene.

Tarjei Bø var vraka frå stafettlaget denne gongen.

Søndag går herrane jaktstart i austerrikske Hochfilzen.