Folven sykkelfestival blir arrangert for første gong denne helga med 40 deltakarar, guidane inkludert. Det er mulitisportar Tommy Aslaksen frå Hemsedal som er arrangør saman med Fred Syversen på Folven camping.

Laurdag delte deltakarane seg i tre. Den eine og største gruppa la turen til Skjeringsdalen, der dei tok seg på sykkel ned den gamle ferdslevegen til Jøl bru, populært kalla Himalaya-stien i sykkelmiljøet. Gruppa tok seg også opp til Segestad.

Ei anna gruppe hadde utforkøyring på stiar ned mot Videseter, og ei tredje gruppe la turen frå Stryn sentrum til Gryta og søndag til Holvatnet med Halvard Avdem som guide.

Aslaksen rosar terreng, natur og verforhold. Ein perfekt start for festivalen, slår han fast overfor Fjordingen.

I full fart ned frå Segestad. (Foto: Folven sykkelfestival)