Anders Fannemel kom på 7. plass under NM i hopp på Lillehammer i kveld.
Etter første omgang låg han på 5. plass etter eit hopp på 122 meter. Etter eit hopp på 106,5 meter i andre omgang, vart honndølen sjuande best på resultatlista med 202,4 poeng.
Det var svært vanskelege hoppforhold og tett snøver i bakken under heile rennet.
Suveren vinnar vart Kenneth Gangnes som hoppa 131,5 meter to gongar og fekk totalt 272 poeng. Johan Forfang og Andreas Stjernen tok dei neste plassane.
No set landslagshopparane kursen for Zakopane og verdscup komande helg.