Det er no føreteke trekning til 1. kvalikrunde i NM. Der skal Stryn møte TMFK (Tornado Måløy) på heimebane. Vidare skal Eid møte Fjøra heime og Årdal FK skal spele borte mot Arna Bjørnar. Kampane skal gå onsdag 16. mars.

Strynetrenar Johann Sigurdsson seier Stryn er i rute, og dei har vore i full trening sidan 19. november.

- No kom det mykje snø, men planen er å kome ut på trening i løpet av eit par veker, seier Sigurdsson.