Elias Lødemel frå Hornindal spelte på Møre og Romsdal sitt 16-årslag vart i dag norgesmeister i volleyball for regionslag. Ikkje nok med det, men honndølen vart etter turneringa kåra til den mest verdfulle spelaren (MVP).
Lødemel utmerka seg sterkt som poengsankar gjennom heile turneringa, og i det første settet i finalen mot Hordaland prikka han inn 10 poeng berre på ei serverekkje. Møre og Romsdal vann finalen i sett 2-1 etter at dei i semifinalen slo Øst 2-0.
- Ja eg er veldig godt fornøgd, kunne han fortelje til Fjordingen i kveld. Då var han på Gardermoen klar for heimreise til Hovden. Lødemel spalar til vanleg på Volda sitt 17-årslag og på Hornindal sitt herrelag i 2. divisjon. Det var åtte lag med i 16-årsklassen både for gutar og jenter, og kampane vart spelt i Kringsjåhallen over tre dagar. No ventar detei T-skjorte i posten for honndølen der det klart går fram kven som var den mest verdfulle gutespelaren av omlag 100!