Etter ein heilsprekk av Sturla Holm Lægreid på første etappe var det mykje som måtte rettast opp utover i skiskyttarstafetten.

Tarjei Bø tok fatt på oppgåva på andre etappe, og 34-åringen brukte berre eitt ekstraskot på sine to skytingar.

Vetle Sjåstad Christiansen gjennomførte ei særs god tredje etappe, og han gjekk ut 34,2 sekund bak teten. Også han brukte berre eitt ekstraskot, og det gjekk unna i sporet. Ved veksling sende han Johannes Thingnes Bø ut på siste etappen likt med Tyskland.

Og stryningen kasta ikkje bort tida, og inn til første skyting var avstanden ned til tyskaren på fleire sekund. Thingnes Bø skaut fullt, medan tyskaren Roman Rees trengde ekstraskot. Brått var avstanden nesten halvminuttet i favør nordmennene.

Trass to ekstraskot på siste skyting var det ingen tvil om at nordmennene ville ta heim sigeren, den sjette i stafett på rad.