Stryn gjekk på ein kjempesmell då laget tapte 0-5 på bortebane mot Fjøra laurdag ettermiddag. Fjøra som ligg nest sist på 3. divisjonstabellen har starta ein langspurt for å unngå nedrykk. I fotballkampen mot Stryn sette eit offensivt heimelag full fart på frå start, og kunne gå til pause med leiing 3-0. I andre omgang la Fjøra på til 4-0, og 20 minutt før slutt vart det 5-0 då Stryn scora sjølvmål.

Les meir i papirutgåva.