Samla fullsette salar:

Festkveld med Trude Teige

Sanne historier krydra med dikterisk fridom var tema når Trude Teige samla full sal både på Stryn Bibliotek og Smia i helga.

Endringar i Innvik Kraftverk AS sitt styre:

Varaplass delte kommunestyret i to

Ordføraren si ekstrastemme måtte til for å avgjere kven som skal bli vara for kommunen sitt faste styremedlem i kraftverket.

Gastroberfesten vart eit verdig "plaster på såret"

Årets lokale vri på Oktoberfest Stryn, Gastroberfesten, slo godt an både blant publikum og artistar.

Statens vegvesen sine kontrollørar var ikkje arbeidsledige i helga

Statens vegvesen har hatt fleire kontrollar i løpet av dei siste dagane.

I toppen på heimebane

Det var samarbeid på høgt nivå mellom hund og førar under norgesserieprøva i bruk av gjetarhund på Kyrkjeeide i helga. Lokale deltakarar plasserte seg også heilt i toppen på heimebane.

Opptur for Loen Skylift trass korona

Loen Skylift opplevde inntektsvekst i fjor, trass i pandemi og driftsstans.

Steinalderfunn på hotelltomt overgjekk arkeologane sine forventningar

Etter eit utfordrande graveprosjekt har arkeologar funne kulturspor på tomta til Selje hotell på Stad som kan vere 4000 år gamle.

Suverent gull i dag

Heile tre medaljer kunne utøvarane frå Stryn vgs notere seg for under NM-fellesstarten i dag. Heilt til topps gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide, som tok gull i utklassingsstil.

Tankevekkjande landbrukspolitisk teater frå Teater Vestland

I samband med at Bondelaget er 125 år i 2021, har Teater Vestland teke på seg ei stor oppgåve. Stykket «Bondetinget» er eit maratonløp for den røynde skodespelaren Kyrre Eikås, som står heilt aleine på scena i to timar, rett nok med ei særdeles hyggeleg kaffipause midt mellom to akter.

Vassendgutane – fest og moro i 25 år

– Det er så moro å spele i Vassendgutane at vi burde fått juling to gonger for dag, seier Rune Brautaset, ein av dei fire som var med på å starte Vassendgutane i 1996, og som framleis er med.

Scoring djupt på overtid berga poeng

Kaisa Vollsnes Wemby berga uavgjort for Stryn då ho var sist på ballen tre minutt på overtid i 3. divisjonsoppgjeret mot Sandane.

Ingen ordensforstyrringar

Politiet melder om ei roleg helg, trass i at det var mykje folk samla i Stryn, der fleire utestader har hatt mindre utgåver av Oktoberfest.

Vart stengd på grunn av høgt CO2-nivå - er opna igjen

Det elektroniske varslingssystemet i Grasdalstunnelen har meldt om høgt CO2-nivå, og tunnelen er difor inntil vidare stengd.

Kommunen klar med RTP-uttale

Slik prioriterar Stryn kommune i RTP

Kommunestyret stillte seg samrøystes bak kommunen sin uttale til regional transportplan

Slo til med NM-bronse

Det vart to på pallen for landslinja ved Stryn vidaregåande skule første dag av NM i rulleskiskyting.

Ber om framleis låg arbeidsgjevaravgift for Hornindal

I eit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) argumenterer Volda kommune for å behalde dagens satsar for arbeidsgjevaravgift. Samstundes ønskjer ein at samanslegne kommunar kan ha intern differensiering.

Les eAvis

Les papiravisa i digitalt format

Les eAvis

Damelaget jaktar revansje

Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball er ute etter å revansjere 1–3 tapet for Sandane i seriepremieren.

Haustlege bildeglimt

Fjordingen takkar for alle dei flotte lesarbilda vi får, og oppfordrar fleire til å sende inn bildeglimt frå alle bygdene i indre Nordfjord. Send til redaksjon@fjordingen.no eller 40402140. Hugs namnet på fotograf og stad!

Matauk i gourmetklassen

Ut i skogen med kniv og korg: Anne Bråten Seljeset er soppentusiast. Og meir enn det: Ho er sertifisert soppkontrollør.

Einvegskøyring då Stryn fillerista Jølster

Stryn hadde som venta ingen problem med å sette Jølster på plass i laurdagens oppgjer i Kretsligaen. Men sjanseløseri og ei perlescoring imot på slutten øydelegg for målforskjellen. For her burde det vore fleire scoringar til heimelaget.

– Håpar å få møte og tale Sogn og Fjordane si sak

Sven Flo (H) går mot ein ny periode som 1. vara til Stortinget, om det ikkje skjer endringar i valresultatet i innspurten. Flo har vore vara også inneveande periode, men har så langt ikkje vore innkalla.

Olden skule:

Innsats for andre – Valfag med store verdiar

Valfaget ved Olden skule handlar om å gje elevane praktisk erfaring gjennom frivillig arbeid.

Stryn stiller med klart favorittstempel

Det er topp mot botn når Stryn tek imot Jølster i Kretsligaen laurdag.

Nesten 300 born deltok på sommarles-kampanje

295 barn i Stryn kommune deltok på lesekampanjen Sommarles denne sommaren. Dei las totalt 5549 bøker fordelt på 610.628 sider.

Festkveld med Furebotten

Det var rift om billettane til Ragnhild Furebotten Trio i Fjellvarden onsdag kveld. Så vart det også ein forrykande konsert, frå det ville til det vâre – og tilbake igjen.

Fredagspraten med Oddbjørn Arnesen:

– Ei perfekt helg startar med fri på fredag

Mesta:

Har montert 4,6 km med autovern i Stryn

Snart ferdig med montering av autovern i Stryn

Denne festivalen arrangerast uansett

- Festivalen er som kveiken, avhengig av vedvarande bruk, og vert den ikkje brukt vil den forvitre, skriv festivalstyret. 

Arrangerer norgesserie-prøve i bruk av gjetarhund

Samarbeid mellom hund og førar på høgt nivå står i fokus når det vert skipa til norgesserieprøve i bruk av gjetarhund på Kyrkjeeide i helga.

– Ei viktig og realistisk øving

Det vart slått full «katastrofealarm» då alle naudetatar deltok i ein brannøving i Rotsethorntunnelen saman med Statens vegvesen torsdag kveld.

Parkeringstilsynet har avdekka fleire uregistrerte parkeringsplassar i Stryn:

Varslar tilsyn med p-plassar

Etter at Parkeringstilsynet var på synfaring i Stryn kommune er to verksemder varsla om tilsyn.

Reisebrev frå ungdomsbedrifta Greener Paint UB ved Stryn vgs:

Nye vener og minne for livet

Eit utval av elevane ved Stryn vgs har over det siste året fått lære korleis næringslivet faktisk fungerer. Ei gruppe deltok nyleg på ein internasjonal konferanse i Bulgaria.

Gamle skattar og kyrkjehistorie

Sist søndag inviterte Nedstryn sokneråd, Rotary Stryn og Stryn Historielag til Kveldssete i Nedstryn kyrkje. Bakgrunnen var ei felles interesse for historia og gamle skattar i kyrkja, fleire av desse har vore tekne fram og pussa opp siste året.

Samarbeid med Hornindal skule gir god rekruttering:

11 aspirantar klare for korpset

Korps i skulen er ein suksess i Hornindal. Både for elevane, korpset som får god rekruttering og bygda som får nyte godt av korpsmusikk både i konsertar og på 17. mai.

Internasjonal storfilm med scener frå Nordfjord

Stranda Austmyr i bygda Drage på Stad i Nordfjord har vore ein av innspelingsplassane for den nye storfilmen "Dune".

Hilde Lødøen:

Takka av etter 37 år i Stryn kommune

- Eg har aldri grua meg for å gå på jobb for Stryn kommune, sa den konstituerte og avtroppande kommunedirektøren, Hilde Lødøen.

Dette er sakene som splittar Ap, Sp og SV

Om Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre skal få både Senterpartiet og SV med i den nye regjeringa si, må han greie å sameine dei tre partia i ei rekkje saker.

Stor delegasjon frå Stryn til NM i rulleskiskyting

Sprint og fellesstart står på programmet når NM i rulleskiskyting går av stabelen på Lillehammer i helga.

Går inn i trafikk torsdag:

Første førarlause rutebuss på Vestlandet

Den første sjølvkøyrande bussen startar opp torsdag morgon, og skal trafikkere ei lokalrute i Førde.

Fleire forfattarar kjem på haustbesøk

Trude Teige og Bjørn F. Rørvik er blant fleire kjende forfattarar som set kursen for Stryn bibliotek utover hausten.

Kollisjonen i Kjøs måndag ettermiddag:

MC-førar kritisk skadd

Føraren av ein motorsykkel ligg kritisk skadd ved Haukeland Universitetssjukehus etter kollisjonen med ein personbil i Kjøs i Hornindal måndag ettermiddag.

Ønskjer ikkje å bli nabo til søppelcontainerar

Hytteeigarar i Hydla i Stryn likar dårleg planane for plassering av renovasjonsanlegg i nabofeltet.

Jofrid Rye Hestenes trekkjer seg frå Innvik Kraftverk

Hennar erstattar i kraftverket sitt styre er tilrådd