Stryneverksemda Vendanor har nyleg signert ei fleirårig kontrakt om levering av propanautomatar til Kosan Gas i Danmark.

- Konkret i første omgang dreier det seg om ei leveranse av 20 automatar i 2016 og 35 i 2017. Fordelt over toår er kontrakta på over 10 millionar kroner. Det totale potensialet i kontrakta er på 30 millionar norske kroner, seier dagleg leiar i Vendanor, Harold Wieldraaijer.

Spennande europeisk marknad

Med denne kontrakta har verksemda for alvor teke steget ut i Europa, og Wieldraaijer ser ei spennande utvikling i marknaden:

- Dei omtalte automatane som skal leverast i 2016 til Danmark inngår i eit pilotprosjekt for FlagaGroup i Austerrike som er aktiv i åtte europeiske land. Kontrakta er difor også viktig for framtida, særleg med tanke på den internasjonale satsinga.

- Er det andre spennande ordrar på gang?

- Vi har også kontakter i Sverige og forventar to kontrakter der i løpet av våren. Den første automaten til Sverige vert nok levert før sommarferien. Det er også etablert kontakter med større aktørar innanfor flaskegass i andre europeiske land med oppstart av to ulike prosjekt. Også dette før sommarferien, seier Wieldraaijer.

Lokal medverknad

Vendanor AS starta for snart tre år sidan som eit utviklingsprosjekt drive fram av Nomek i Stryn i samarbeid med Innovasjon Norge. Noko av det unike er verksemda sin bruk av kompetanse samla i Stryn. Nomek, Ralf Bjarnet Taraldset, Fluorlux og In Via si avdeling i Stryn er alle lokale bidragsytarar i produktet som det no er produsert 50 eksemplar av. Ikkje alle er levert. Alle desse blir ståande i Norge.

Vendanor har pr i dag fire tilsette, dagleg leiar inkludert. Om kort tid tiltrer to nye tilsette, ei stilling knytta til sal og ein systemteknikar. Dagleg leiar reknar med ein stab på åtte i løpet av året.

2015 vart avslutta med ei omsetning på seks millionar kroner, og Wieldraaijer er veldig godt nøgd med at Vendanor etter ein utviklingsperiode for første gong truleg vil få positivt resultat i rekneskapen i 2016. Budsjettert omsetning for 2016 er på 20 millionar kroner.