Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Stryn kommune er oppe til rullering og fram til 26. februar har alle høve til å gje innspel før endeleg politisk handsaming.

Saka har allereie vore oppe til diskusjon i helse- og sosialutvalet. Ein diskusjon som viste at alle medlemmene er opptekne av at det framleis skal vere alkoholfrie soner der barn og unge kan opphalde seg utan fare for å møte rusa personar. Men diskusjonen avdekte og den store utfordringa det vert å definere kva arenaer som skal vere rusfrie.

I debatten helse- og sosialutvalet hadde vart løyvet til Stryn Vinterski trekt fram som den mest aktuelle problemstillinga. Ikkje utan grunn. For sjølv om servering av øl og vin skjer i eit avgrensa lokale i andre etasje i kafeteria-bygget, skjer det like fullt i eit anlegg der barn og unge ferdast.

Fleire av politikarane i helse- og sosialutvalet problematiserte dette. Både ved å poengtere at ikkje alle likar å vere i miljø der alkohol vert servert, og at dette bør respekterast. Dernest eit anna viktig poeng, nemleg at skjenkestaden ikkje har nokon kontroll på om rusa personar tek på seg skia og reiser opp i anlegget etter å ha vore oppom andreetasjen.

Solveig Nydal Heggdal (KrF) sette slike ord på si bekymring då saka vart debattert: «Vi er veldig opptekne av at det ikkje skal vere promille i samband med til dømes bil og båtkøyring. Men å sleppe rusa folk opp i skibakken der dei kan køyre på born, ser ut til å vere greit. Det er for meg veldig skremmande».

Når ein rusmiddelpolitisk handlingsplan skal opp til rullering, er det viktig at slike bekymringar kjem opp og vert del av ei totalvurdering. I tillegg til det prinsipielle om ein skal tillate alkoholservering i opningstida for eit anlegg som inviterer barn, ungdom og vaksne til felles friluftsglede, er det og eit spørsmål om tryggleik. Dei spørsmåla pliktar politikarane å vurdere nøye før dei konkluderer.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør