Dei fem unge volleyballspelarane Erlend Sollid, Tollef Heggen, Geir Ola Tvinnereim, Knut Muldsvor og Elias Lødemel frå Hornindal har siste året vore med på eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Hornindal og KFUM Volda, og har denne sesongen spela på voldingane sitt U17 lag.

Ved inngangen til sesongen gjekk trenar Leif Røv offensivt ut og proklamerte at laget skulle kjempe om topp-tre plassering i NM.

- Mange tykte det var eit høgt mål, men eg meiner det er viktig å ha noko å strekke seg etter, seier Røv.

- Spela "best ever"

Og i helga skulle både Røv, spelarane og skeptikarane få svaret på om målsetjinga var realistisk eller berre hårete.

KFUM Volda møtte Dristug, Rossvoll og Tønsberg i dei innleiande rundane. Det vart siger mot dei to førstnemnde, medan Tønsberg vart for sterke for vestlendingane. Men andreplass i gruppa gav avansement til mellomrunden. Kampen mot Rossvoll synte elles at gutane hadde noko bra på gong.

- Det var best ever. Mange som stod og såg kampen, og som har vore lenge i volleyballmiljøet, uttalte at dette var noko av det beste dei hadde sett av eit 17-årslag, fortel Røv.

Tok seg til finale

Frå mellomspelet tok dei seg greitt vidare etter 2-0 siger mot Austrått. I kvartfinalen venta tøffare motstand frå Hinna.

- Men vi har kome dit at vi klarar å snu sett. Det er eit skikkeleg sunnheitsteikn, seier Røv. Kampen enda til slutt 1-2 i favør KFUM Volda.

Og i semifinalen venta eit nesten-lokaloppgjer mot Førde.

- Den kampen vann vi klart 2-0. Det var kjekt for gutane å kunne gå på bankett og etterpå legge seg, vel vitande om at dei hadde teke seg til finalen, seier trenaren.

- Halmstrå unna gull

Og finalen vart ein thriller, der sølv dessverre vart eit nederlag for 17-åringane frå Hornindal og Volda. For sjølv om Kristiansand vann 2-0 i sett, fortel settsifra at dette var eit jamt og tett oppgjer.

- Første sett vann dei 26-24 og det andre settet vann dei 27-25. Vi må kunne seie vi berre var eit halmstrå frå gullet, seier Røv.

Her mottek spelarane sølvmedalje.

Men uansett overgjekk sølvmedaljen både målsetjinga og forventningane, og når verste skuffelsen hadde lagt seg etter det knepe tapet var smilet på plass.

- Ja, når vi hadde rista av oss tapet, og tatt inn over oss at vi var nummer to av 16 lag, så var dette ein veldig flott prestasjon og turen heim gjekk veldig smilande og lett, seier Røv.

No ser han fram mot vidare utvikling av laget og samarbeidet mellom klubbane og rosar opplegget dei har hatt.

- Vi har trena to gongar i veka i Volda og ein gong i veka i Honndalshallen. Vi er blitt sveisa godt saman og Hornindal IL har vore flinke og lagt godt til rette, avsluttar Røv.

Framme frå venstre:Erlend Sollid,Tollef Heggen, Sturla Nedrelid Heggen, Andreas Flåskjær, Geir Ola Tvinnereim. Bak fra venstre:Leif Røv (trener), Kristian Røv, Elias Lødemel,Morits Halkjelsvik, Simon Ekornes Hopland, Knut Muldsvor, Jarle Bae (trener)