Laurdag var ungdomar samla ved ungdomskaféen Telegrafen til gammaldags tivoli. Her var det ulike aktivitetar som å kaste erteposar på blinkar, mikro-golf og marshmallows-konkurranse.

- Vi gjere dette for å vise fram Telegrafen. Det er ikkje så mange som veit om oss, seier dagleg leiar Anndi Bergset. Vi møter henne og nokre ungdomar i "bankkrysset", utkledd og med ballongfigurar. Der prøvar dei å sluse folk ned til ungdomskafeen lenger nede i gata.

- Då eg budde i Amerika jobba eg som klovn - ja, det er heilt sant, smiler Bergset.

- Faktisk var heile familien min klovnar, seier ho, og viser nokre av ballongfigurane som er resultat av gamle kunster.

Imponert over innsatsen

Ungdomane har sjølve vore aktivt med og fått i stand tivoliet. Flotte figurar i treplater er laga til som blinkar. Nokre for å kaste erteposane gjennom, andre for levande blinkar der ein stikk hovudet ut.

- Eg og to elevar frå byggfag har laga til dette, fortel Daan van Kessel (17). Dei fann inspirasjon ut frå nokre nettsider Anndi Bergset hadde funne om tivoli i eldre tider.

- Eg er så imponert over dei. Det var så kjekt å sjå korleis dei samarbeidde. Dei var veldig flinke, skryt Bergset.

Heim nummer to

Siri Nikoline Tenden er russ, men tek seg likevel tid til å delta denne laurdagen. For henne er Telegrafen ein svært viktig plass.

- Det er nesten som ein heim nummer to. Eg har brukt Telgrafen i åtte år. Her er eg med venner, eg spelar biljard eller gjere lekser, fortel Tenden. Ho hjelper også ofte til som vakt.

- Kvar fredag held vi ope for ungdomsskuleelevar, og då er vi frå vidaregåande vakter, fortel ho.

- Eg hadde ikkje klart dette utan dei, skyt Bergset inn.

Marshmallows-konkurranse

Men så er det tid for marshmallows-konkurranse i bakhagen ved Telegrafen. Dette er dagens høgdepunkt, og fine premiar vankar. Konseptet er enkelt; fem marshmallows heng ned i kvar sin tråd frå ei tversgåande line. Fem deltakarar. Den som først får godbiten i munnen har vunne.

Daan van Kessel (nærast) vart vinnar av marshmallows-konkurransen.

Kampen varar ikkje lenge. Daan van Kessel tek sats, timer eit glefs perfekt og er den glade vinnar av førstepremien.