Fiskeridirektoratet går til motsegn mot framlegget til kommunedelplanen som kjem i konflikt med låssettingsplass for brisling i Svarstadvika.

- Fiskeridirektoratet region Vest går til motsegn til planframlegget fordi vesentlege fiskeinteresser i planområdet ikkje blir sikra gjennom framlegget, vert det opplyst i innspel til kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde.

Det blir synt til at kommunen har sett av eit område til småbåthamn i Svarstadvika, i eit område som i kystsoneplanen til Stryn kommune er sett av til låssettingsplass.

- Etablering av småbåthamna er i konflikt med registrert låssettingsplass, Svarstadvika, som er ein svært viktig låssettingsplass som er i bruk under brislingfiske og er vurdert til å ha nasjonalverdi. Brislingfisket er av nasjonal interesse og låssettingsplassen er registrert som svært viktig. Brisling kan ikkje slepast over store avstandar. Det er difor naudsynt å sette brislingen i lås i nærleiken av fiskeplassane, heiter det i innspelet frå Fiskeridirektoratet region Vest.